Litt om oss i Kruttrøyk!

Kruttrøyk starta hausten 2000 og har etter dette etablert seg som eit solid band innan country-rock stilen. Bandet har siden starten vore eit aktiv band og turnert store deler av sør Noreg, og jobba seg opp frå å spele på folkelause pubar til store utearrangement og festivalar med tusenvis av publikumarar.
1. november 2003 kom bandet ut med si første plate, som har tittelen Kruttrøyk. Dette er ein ep med 7 låtar som er gitt ut på eige selskap. Plata vart godt motteke og solgte omlag 1000eks. i 2006 kom plata Kuler og Krutt på selskapet Tylden & co, og i juni 2009 kom den foreløpig siste plata, Farande fant, ut. Musikkvideoar av låtane Godt å ha ei mor, Odelsgut og Kallen med krag`en er også ferdig produserte og kan sjåast på Media sidene.
 
 

   

Jens P. Dyrdal - Vokal & Gitar

Født i Florø 1969.

Er vokalist og låtskrivar i Kruttrøyk, og speler i tillegg rytmegitar. Jens-Petter starta si  musikkalske karriere som trommelager i åtteårs alderen. Flytta til "byen" Førde i 1985, der han fekk kontakt med musikk miljøet ganske fort og blei etterkvert med i fleire lokale band. På slutten av 80-talet gjekk han lei av trommene og blei overtalt av ein anna musiker til og prøve seg med sang, dette skulle vise seg og fungere ganske bra og han var då med i mange lokale band som vokalist. Dette var band som: White boys playing the blues og No name som spelte mange jobber på lokalt plan. I denne perioden var han innom fleire stilartar heilt til han i 2000 landa på country og country-rock. Då starta han bandet han valgte og gje navnet Kruttrøyk. Jens-Petter er den som i hovedsak skriv alle låtane i Kruttrøyk, tekstar skriv han òg, men der får han ofte kyndig hjelp av ei dame ved navn Connie Hamre.

 

   

Hans Robert Hyllestad - Gitar, Mandolin & Steelgitar

Født i Finnmark 1973.

Flytta til Førde i 1982, starta sin musikalske karriere på fløyte og piano, gjekk deretter over til gitar i ein alder av 14 år. Han spelte då i hovedsak musikk av det litt meir tyngre kaliber i ulike bandprosjekt. På 90-talet begynte Hans-Robert å skifte musikkstil og den gjekk i retning country-rock, innspirert av store kanonar som: Johnny Hiland, Danny Gatton og Lars Håvard Haugen... dette skulle vise seg og være lurt, då han våren 2000 vart head hunta av Jens-Petter Dyrdal som gitarist i eit band som seinare skulle heite Kruttrøyk. Hans Robert er en perfeksjonist i musikken, der er ingenting overlatt til tilfeldigheitane (studer berre pedal brettet til mr Hyllestad).

 

   

Torbjørn Gran - Bassgitar

Født i Trondheim 1982.

Torbjørn begynte å skrive låter på eit piano med berre kvite tangentar då han var 12 år, mens mor spanderte trommetimar i eit år før han fekk sin første gitar då han var 14. Han har sidan spelt gitar og sunge i diverse band. I sitt virke som heiltidsmusikar speler Torbjørn bassgitar i Kruttrøyk og reiser ellers rundt omkring med gitaren på ryggen og gjer trubadurjobbar.

 

   

Jørn Moen - Trommmer

Født på Sandane 1962.

Jobbar på delelager ved Frydenbø Bilsenter Sandane. Starta med trommer då han var 16 år.

Jørn har spelt i diverse lokale band frå rock via jazz til danseband. (Var med å starte Steinar`s, som seinare vart Steinar Engelbrektson Band, og har skrive fleire songar på SEB sine plater). Han har vore mykje brukt som forfattar,komponist, skodespelar ,musikar og regìssør på lokale cabarètar, og vore fast musikar når Breimskoret har sine show. Har tidlegare jobba som stand-up/trubadur åleine med gitar, eller med showduoen ” MoenMoen”.Han er den stolte eigar av eit Ludwig 1969 mod. trommesett, og påstår hardnakka at tommer er som med fioliner; lyden vert bedre med alderen.